en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Heidrar Søren Kierkegaard

I år er det 200 år sidan Søren Kierkegaard blei fødd. 27. og 28. september markerer Norsk hotellhøgskole ved UiS jubileet med eit eiga symposium til ære for den danske filosofen, teologen og forfattaren.

– Kierkegaard er alltid aktuell. Han er den einaste filosofiske forfattaren i Norden som lyser i den europeiske litteraturen – og det framleis 200 år etter sin fødsel, seier førsteamanuensis i filosofi, Bjørn Olav Roaldseth ved Norsk hotellhøgskole.

– Tekstane hans ga støyten til fleire forskjellige tanketradisjonar, og han blir referert til verda over som ein filosofisk samtalepartnar med ubestridd aktualitet, fortel Roaldseth, som ser fram til å løfte fram og drøfte fleire av Kierkegaard sine tankar og idear under symposiet.

Mellom anna skal Tonny Aagaard frå Kierkegaard-senteret i København halde ei innleiing med tittelen «Søren Kierkegaards evige aktualitet».

Den posthumane trusselen
– Kierkegaard sin aktualitet skuldast ikkje minst motstanden hans mot den posthumane trusselen han meinte å finne i samtida si – ein trussel som framleis er nærverande, fortel Roaldseth og forklarer nærmare:

– Korleis skal massestaten sitt byråkratiske apparat kunne bevare respekten for det einskilde menneske og mennesket sitt eigenarta livsdrama?

– I denne forbindelse skal den profilerte professoren, Trond Berg Eriksen, halde eit innlegg om Kierkegaard som kulturkritikar og krisetenkar, fortel Roaldseth.

Fleire bidrag frå UiS
Under symposiet blir det også fleire innlegg frå UiS. Leiar ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag, Jørn Varhaug, skal halde innlegget «Hvordan kan angst, ifølge Kierkegaard, være forutsetning for personlig utvikling».

Og Kari Vevatne, leiar ved Institutt for helsefag, vil halde innlegget «Den etiske dobbelbevegelse hos Kierkegaard forstått som første etikk og annen etikk.»

I tillegg vil også Bjørn Olav Roaldseth, som leiar symposiet, halde eit innlegg. Det har tittelen «Eksistensialisme i fortid og – nåtid». Instituttleiar Truls Engstrøm ved Norsk hotellhøgskole vil ønske velkommen.

Symposiet er opent for alle interesserte og blir arrangert i raudt auditorium i Ellen og Axel Lunds hus på campus.

Påmeldingsfristen er 15. september.

Les meir om symposiet og meld deg på her

Portett av Søren Kierkegaard

JUBILERER: I år er det 200 år sidan Søren Kierkegaard blei fødd. 27. og 28. september blir jubileet markert ved UiS med eit eiga symposium på Norsk hotellhøgskole.