en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Heider og ære til 100-års-jubilanten

Lovorda var mange då Norsk hotellhøgskole ved UiS feira sine 100 første år med jubileumslunsj for inviterte gjester på Sola Strand Hotel den 18. oktober.

Blant dei 150 gjestane som fekk servert delikate rettar av kalvefilét og kveite til tonar av gregoriansk musikk, var representantar frå fagmiljøet og UiS, frå bransjen, politikarar og tidligare studentar.

Og det var mange som ville gratulere den vitale 100-åringen med dagen.

– Norsk hotellhøgskole har ein fantastisk historie. Kunnskap har heile vegen vore grunnlaget for skolen si utvikling. Så det er all grunn til å hylle 100-års-jubilanten med dagen. Gratulerer og lykke til vidare, sa fylkesmann Tora Aasland, før glassa blei heva til ære for bursdagsbarnet.

Historia mellom permar
Det var nemlig den 18. oktober 1912 at skolen for fyrste gang såg dagens lys, i Bergen. Sida flytta skolen frå Vestlandet til hovudstaden og så tilbake igjen til vest, til Sola Strand Hotel. Sida 1974 har skolen heldt til på Ullandhaug, og i 1994 blei den ein del av dåverande Høgskolen i Stavanger, no Universitetet i Stavanger.

Heile historia til Norsk hotellhøgskole er no samla mellom to permar i ei bilderik jubileumsbok, som blei lansert under jubileumslunsjen.

Boka viser fram skolen som den einaste i sitt slag i Norden. Manuskriptet til boka baserer seg på teksten til Sverre Thon (1922-1912), supplert med kapittel skrivne av førstelektor Øyvind Sirevaag ved NHS, som har stått som ansvarleg redaktør for boka.

Ein skole for framtida
På talarlista under jubileumslunsjen stod også president i NHO Reiseliv, Ole Varberg, som kom med gratulasjonar på vegne av sine medlemmar. Han var klar i sin tale til jubilanten:

– Denne skolen er absolutt den viktigaste skolen for framtidas leiarar innan reiseliv, konstaterte han.

Også ordførar i Sola kommune, Ole Ueland, gratulerte NHS med dagen. Han har sjølv vore student ved skolen, og synest det var stas at jubileumsfeiringa var lagt til Sola Strand Hotel.

– NHS har vore viktig for kunnskapsutviklinga i Rogaland og vil også vere ei viktig brikke for vidare utvikling. Sola kommune ser fram til å vere ein støttespelar for NHS i minst 100 år til, sa Ueland.

Også fylkesordførar Janne Johnsen, som er alumn ved NHS, og UiS-rektor Marit Boyesen nytta anledninga til å gratulere 100-åringen med dagen.

Instituttleiar ved NHS, Truls Engstrøm, nytta også dagen til å takke studentar, tilsette, næringa, samarbeidspartnarar og støttespelarar.

– Utan dykk hadde vi ikkje blitt 100 år! Takk for alt samarbeidet vi har hatt til no. Vi gler oss allereie til vidare samarbeid i dei neste 100, sa Engstrøm til applaus frå gjestane.

Festmiddag på kvelden
Seinare på kvelden held feiringa fram med jubileumsmiddag og fest for studentar, alumner, tilsette og bransje på hotellet. På menyen stod mellom anna byggryn salat med fenalår og chevrè og kalvekjaker braisert i mørkt øl.
 
Nokre av middagsgjestene kom også langvegsfrå, noko leiar av jubileumskomiteen, Reidar J. Mykletun, synest var stas.

- Ein av dei eldste deltakarne, som gjekk ut av skolen i 1951, Solveig Villand Lindheim,  hadde reist heile vegen frå Gol i Hallingdal for å vere med på feiringa. Det var staseleg, seier Mykletun, etter vel overstått bursdagsfeiring.

Les også: Hellstrøm og Hovig åpnet kokebokmuseum

Reidar J. Mykletun og Truls Engstrøm under jubileumslunsjen

STOR DAG: Leiar av jubileumskomiteen, professor Reidar J. Mykletun, og instituttleiar ved NHS, Truls Engstrøm, koste seg i godt lag under jubileumslunsjen på Sola Strand Hotel i går.