en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Alumn nummer 1000 på Norsk hotellhøgskole

Arnfinn Westre sat på ein seismikkbåt i Mexicogolfen då han registrerte seg på alumninettverket til Universitetet i Stavanger. Det førte til ei gledeleg overrasking då han kom heim.

? No blir kjærasten min glad, smiler Arnfinn Westre. Han har nettopp fått eit gåvekort med hotellovernatting i minisuite og treretters
middag. Og det berre fordi han melde seg inn i alumninettverket for tidlegare studentar ved Norsk hotellhøgskole (NHS).

Vel to år er gått sidan Westre tok bachelor i hotelleiing. No hadde han høyrt om alumninettverket
og brukte ei ledig stund til å registrere seg medan han var på jobb som stuert i Mexicogolfen. Dagen etter at han kom heim, blei han overraska med ein telefon frå alumnikoordinator Peter Schwarz. Westre var NHS-alumn nummer 1000.

? Eg trudde dette skulle bli ein notis i studentavisa, ler vinnaren.

Mål om 6000
Det blir neppe gåvekort på hotell for kvar nye alumn, men Peter Schwarz er stadig på jakt etter fleire. I skrivande stund har omlag 4 200 tidlegare studentar blitt alumnar, og målet er å runde 6 000 i 2011. Tenesta er gratis og gir mange fordelar.

? UiS Alumni handlar om meir enn ein personprofil på ei nettside. Me kan difor ikkje samanlikne alumni med Facebook. I tillegg til
å få tilgang til tidlegare studievener, gir dette òg moglegheit for nettverksbygging, fagleg oppdatering og karriereutvikling, seier Peter Schwarz.

UiS Alumni består av fleire netteverk, og NHS er altså det klart største. Det var difor ekstra kjekt å gjere stas på Arnfinn Westre.

? NHS Alumni har kome veldig langt og har vore flinke til å byggje opp nettverket sitt. Ingeniørane kjem som ein god nummer to og
nærmar seg 700 medlemmer, seier Schwarz.

Bransjeorientert
Førstelektor ved Norsk hotellhøgskole, Helge Jørgensen, er sjølv medlem av nettverket. Han meiner fordelane med å vere med er mange, og han trur ikkje det er tilfeldig at NHS har mange medlemmer.

? Studentane som går her er mest som ein liten familie, og dei kjenner ei sterk tilknyting til skolen. Me har god gjennomføringsgrad, og studentane er svært opptekne av bransjen, seier Jørgensen.

Arnfinn Westre har enno ikkje kome heilt i gang med alumnisidene, men trur det kan vere ein fin måte å oppdatere seg om bransjen på.

? Eg saknar hotellbransjen og vil gjerne inn i miljøet igjen. Det er stor utskifting i dette arbeidsfeltet, så då er det ein fordel å kjenne folk, meiner Westre.
 

Kan nyttast til litt av kvart
Sjølv om Universitetet i Stavanger ser kor nyttig det er å halde kontakt med tidlegare studentar, kan alumninettverket òg nyttast til litt av kvart.

? Ein medlem har skrive innlegg der han vil ha tips om sylteflesk. Så ja, her kan ein få svar på meir enn éin ting, smiler koordinator
Schwarz.

VIL DU VITE MEIR?
Peter Schwarz, Alumnikoordinator UiS
Tlf. 51 83 30 79

Tekst og foto: Janet Molde Hollund