en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Forsking ved IMS

Organisasjon og leiing, feministisk teori, korleis vi kan gjere samfunnet vårt tryggare? Dette er berre noko av det forskarane ved Institutt for medie- og samfunnsfag arbeider med.

Forskinga ved IMS er i hovudsak retta mot dei samfunnssektorane instituttet utdannar personell til.

Fagmiljøet for samfunnstryggleik ved IMS er knytt til Senter for risikostyring og samfunnstryggleik (SEROS). SEROS er ei tverrfagleg samanslutning av forskarar med representantar frå ulike institutt og fakultet ved UiS. Mykje av den betydelege forskingsproduksjonen ved senteret er eksternt finansiert og senteret er peika ut som eitt av universitetet sine satsingsområde.

Nettverk for kjønnsforsking (NFK) er ei eiga økonomisk eining som er tilslutta IMS. Nettverket har tatt ei sentral rolle både lokalt og nasjonalt innan kjønnsforsking og samfunnsdebatt knytt til kjønn og kultur.

Instituttet har ei gruppe forskarar innan organisasjon og leiing med tilknyting til ulike studieprogram. Desse har ei rekkje anerkjende publikasjonar bak seg, og fagmiljøet vil om kort tid etablera ei forskargruppe slik UiS organiserer forskargrupper til ulike programområde for forsking.

Tilsette ved instituttet utfører medieforsking og kompetansegivande praktisk lyd- og fjernsynsproduksjon.

IMS har ekspertise på internasjonalt nivå på svært ulike felt:
Beredskap og kriser, digitale medium, energi- og miljøpolitikk, fenomenologi, filmhistorie, forteljarteknikk og dramaturgi, grounded theory, kinesisk historie og kultur, kjønnsroller i medium, kulturvern, kvalitative forskingsmetodar, kvantitative forskingsmetodar, landbrukspolitikk, misjonsfilm, organisasjon og leiing, sosiologen og antropologen Pierre Bordieu, redaktørrolla, regulering og tryggleik, samfunnstryggleik, urbanisering og verksemder sitt samfunnsansvar.

Deler av forskinga ved IMS er organisert i senter (SEROS og NKF) for lettare å orientera instituttet si verksemd mot større forskingsprosjekt, og for å kunne ha slagkraft i den nasjonale og internasjonale samfunnsdebatten.

Avisforsider

Tilsette ved instituttet utfører medieforsking.