en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velkomen til eit kreativt fakultet!

Fakultet for utøvende kunstfag har røtene sine i ein klassisk konservatorietradisjon, men har i dei seinare åra utvikla spanande studietilbod også innan jazz, improvisert musikk og dans.

IMD frise IMD frise

Gjennom høgt profilert kunstnerisk og pedagogisk verksemd og samarbeidsprosjekt på tvers av studieprogram og sjangergrenser, ønskjer vi å skape eit særeige studiemiljø i nasjonal samanheng.

Studentane våre skal bli utøvarar og pedagogar på eit høgt nivå, med ei reflektert haldning overfor så vel tradisjon som nyskaping. På dei lågare gradsnivåa har vi to ulike pedagogiske bachelorprogram, med hovudretninger innan dans og musikk, klassisk eller jazz/improvisatorisk retning.

I dei lågare gradsutdanningane får studentane eit 3- årig utøvande bachelorprogram. Etter fullført Bachelorprogram kan ein velja å ta praktisk pedagogisk utdanning (PPU), på heiltid eller deltid.

På høgare gradsnivå kan vi tilby eit toårig mastergradsstudium i utøvande musikkfag, både innan klassisk og jazz/improvisasjon.

Musikkproduksjon og opptaksteknikk, samt praktisk-pedagogisk utdanning i musikk og dans (PPU) kan du ta som årseiningar.

Fakultetet har dessutan Årsstudium og Vidareutdanning med fleire valgbare emnar, som mellom anna ensembleleiing og jazzimprovisasjon. Begge programma kan du ta som årseiningar.

Du finn meir informasjon om studieprogramma her, men du kan og kontakte fakultetet på telefon 51834000 eller på e-post: musikk-dans@uis.no

UiS logo