en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vil arbeide for trivsel på arbeidsstaden

Den nye instituttleiaren på Institutt for kultur- og språkvitenskap skildrar gjerne seg sjølv som eit lesande menneskje. No ser han fram til å løfte nasa ut av bøkene og rette blikket mot trivsel på arbeidsplassen.

Odd Magne Bakke er ny instituttleiar på IKS. Odd Magne Bakke er ny instituttleiar på IKS. Foto: Maria Gilje Torheim

– Eg har nok alltid vore eit lesande menneskje, og interessa for bøker kom relativt tidlig, seier Odd Magne Bakke, som er den nye instituttleiaren for Institutt for kultur- og språkvitenskap (IKS) ved UiS.

52-åringen frå Bremanger i Sogn og Fjordane tiltrådde i stillinga 1. januar i år, og er resultatansvarleg for økonomi, undervisning og forskinga som skjer på instituttet. Bakke kjem frå ei stilling som professor i kirkehistorie ved Misjonshøgskolen der han har studert, vore doktorgradsstipendiat og hatt ei rekkje vitskapelege stillingar dei siste tretti åra.

Ynskje om endring
Instituttleiaren er utdanna teolog frå Misjonshøgskolen og har i tillegg eit pedagogisk seminar frå Stavanger lærerhøyskole. Det var først og fremst behovet for og eit ynskje om endring og ny erfaring som fekk han til å søkje på den ledige stillinga ved Institutt for kultur og språk.

– Eg har blant anna opparbeidd meg erfaring gjennom å leie utvikling av nye studieprogram, leie forskingsutvalet i fleire år, vore prorektor og har lang erfaring som undervisar og forskar ved Misjonshøgskolen  – noko eg meiner vil passe god inn i denne jobben. I tillegg er eg glad i menneskje og gler meg til å ha personalansvar, seier Bakke.

Sidan han er fersk i jobben, han har ikkje fått tid til å setje seg inn i alle oppgåvene han no skal ta tak i, men han har fått tid til å få eit innblikk i korleis instituttet er bygd opp og kva dei tilsette held på med.

– Det er eit spanande institutt med mange engasjerte fagfolk som produserer mykje god forsking og som er flinke på undervisning. Dei økonomiske rammene kunne kanskje vore litt romslegare, men eg meiner at ein kan få til mykje bra med dei rammene og folka ein har, seier han.

Vidareutvikling av arbeid
Sjølv om han er nytilsett, er han ikkje heilt ukjent med instituttet. Bakke har vore involvert i fleire samarbeidsprosjekt mellom IKS og Misjonshøgskolen og kjenner godt til fagmiljøet og primærsatsingane ved instituttet. Han er spent på oppgåvene han skal ta tak i, og nemner blant anna utviklinga av det nye lektorprogrammet i realfag, vidareutviklinga av vidareutviklinga av forskingskulturen, god struktur og system – i tillegg til den moglege fusjonen med Høgskolen i Stord og Haugesund. Mest oppteken er han likevel av trivsel på arbeidsstaden.

– Eg ser fram til å gå vidare med det gode arbeidet som allereie er sett i gang her på instituttet, og så vil eg satse på trivsel og gode relasjonar internt i organisasjonen. Trivsel vil forløyse indre motivasjon og engasjement og det vil ikkje berre ha ein eigenverdi for enkeltpersonar, men også ein umåteleg nytteverdi for heile organisasjonen. Det er klar samanheng mellom trivsel, gode prestasjonar og resultat.

Han er klar på at han som instituttleiar også kan bli nøydd til å ta kjipe val for å holde orden på økonomien, men at det høyrer med når ein har denne stillinga. Bakke har budd i Stavanger størsteparten av livet, er gift og har tre barn. Han trivst godt i oljebyen, men saknar av og til den ville naturen frå Bremangerøya heilt i havgapet.