en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tar studentane med på Youtube-safari

Ketil Knutsen er ein av mange førelesarar ved UiS som set ei digital ramme rundt undervisninga. – Eg er oppteken av å nytte det digitale som eit verktøy i undervisninga, seier han.

Ein engasjert Ketil Knutsen foran filmklippet han skal syne studentane. Ein engasjert Ketil Knutsen foran filmklippet han skal syne studentane.

Inne i ein mørk førelesningssal på Arne Rettedals hus ved UiS sit studentar som tek faget moderne historie på rad og rekke og ventar på at førelesaren skal sette på eit filmklipp på storskjerm. I fleire av førsteamanuensis Ketil Knutsen ved Institutt for kultur- og språkvitenskap sine førelesningar er dette blitt meir regelen enn unntaket.

– Eg pleier ofte å nytte filmklipp som eg hentar frå internett. I nokre førelesningar er dette utan unntak film frå NRK Nett-TV, mens i andre førelesningar tek eg med studentane, og saman legg vi ut på ein Youtube-safari, seier Knutsen.

Annan måte å lære på
Han har også nytta seg av Digital storytelling i undervisninga, der studentane sjølv har fått lage digitale forteljingar som handlar om ulike tema som dei har hatt i faga.

– Eg meiner det er viktig å nytte digitale verktøy i undervisninga. Dette er ein annan måte å lære på og tilbakemeldingar eg har fått frå studentane, syner at dei set pris på ein slik type undervisning. Læringa får fleire dimensjonar og det vert meir motiverande og mindre monotont på denne måten, seier han.

I tillegg pleier han å førelese for studentane om kjeldekritikk og gjev studentane moglegheita til å reflektere over kva rolle digitale verktøy spelar i liva våre.

Krev digital kompetanse
Mange av studentane hans er lektorstudentar som tek historie som fag 2. Knutsen er oppteken av at spesielt desse studentane, som sjølve skal arbeide med å undervise, skal kunne gjere seg opp nokre didaktiske refleksjonar blant anna over kva digitale verktøy kan bidra med og når det er lurt og mindre lurt å nytte dette i undervisningssamanhengar.

– Læreplanane krev at lærarar no skal jobbe digitalt, og det er difor viktig at vi som utdannar lærarar er oppdaterte på dette, og at vi nyttar digitale hjelpemiddel og verktøy i undervisninga for å gje studentane våre ein digital kompetanse. Slik kan vi òg sørgje for at dei er betre rusta til å møte kvardagen som lærarar, seier han.


Tekst og foto: Maria Gilje Torheim

UiS logo