en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Landskonferansen 2014

Tre dagar til enda var studie- og praksisleiarar frå lærarutdanningane frå heile landet samla på UiS for å få fagleg påfyll, utveksla erfaringar og byggja nettverk.

Landskonferansen for praksis- og studieleiarar vert arrangert årleg, og i år var det lærarutdanningane ved Humanistisk fakultet ved Universitetet i Stavanger (UiS)  som var vertskap. Praksis- og studieleiarar frå andre universitetet og høgskular var invitert, og totalt var det 85 deltakarar.

Variert program
I år var det lagt ekstra vekt på IKT, og Senter for IKT i utdanningane informerte om digital  perspektiv. Elles handla konferansedagane blant anna om samhandling mellom campus og praksis gjennom presentasjon av samarbeidet ved IKS,  av  TasS-prosjektet ved IGIS, av rullerende lærarar (grunnskulelærarar tilsett i 25 prosent-stilling HiST) ved HiST, observasjonspraksis ved IBU.  Konferansen blei avslutta med foredrag av Øivind Dahl om interkulturell kommunikasjon.

I tillegg til foredrag var det sesjonar kor deltagarar som arbeidar på same utdanning sat saman.
- Her har vi utveksla erfaringar og diskutert kor skoen trykkjer på våre utdanningar, seier Kitty Garborg som er ein av dei som arrangerte konferansen.

Nettverksbygging
Det sosiale og kulturelle programmet var òg ein viktig del av konferansen, og deltakarane fekk blant anna ein stålande sommarkveld på Flor & Fjære.

Det var studie- og praksiskoordinatorane ved barnehageutdanninga, grunnskulelærarutdanninga og  PPU/lektorprogrammet som sto for konferansen. No er stafettpinnen sendt vidare til Universitetet i Agder som skal arrangere konferansen neste år.

UiS logo
Vann, blomster og folk.

Det sosiale var òg ein viktig del av konferansen. Her er deltakarane på Flor & Fjære.