en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Effektiv språktrening med rollespel

Internasjonale studentar gjekk inn i rollene som delegatar i rollespelet om FNs sikkerheitsråd. - Dette er ein effektiv og spannande måte å trena på norsk språk, meiner Elisabeth Egeli.

Internasjonale studentar ved UiS under Mini-FN.

75 studentar frå heile verda går på studiet «Norsk språk og kultur for internasjonale studentar» ved Universitetet i Stavanger. Studiet førebur dei på vidare utdanning i Noreg. Mange av studentane har berre lært norsk sidan i fjor haust.

Stort engasjement
Som ein del av opplæringa i norsk språk og samfunnsfag arrangerte Universitetet i Stavanger (UiS) Mini-FN i samarbeid med FN-sambandet Rogaland.

I år var femte året på rad dette blei arrangert, og universitetslektor Elisabeth Egeli på Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS har gode erfaringar.

- Studentane syntes det er spennande å gjera noko annleis, og det er gøy å sjå korleis dei går inn i rollene, seier Egeli.

I rollespelet var studentane tildelt roller som delagatar frå land eller internasjonale organisasjonar. På førehand har studentane førebudd seg på rollene dei skulle gå inn i, og i løpet av ei kort veke har dei skaffa seg kunnskap om landa og kompliserte internasjonale spørsmål.

I tillegg måtte dei formulere og framføre debattinnlegg.

Å halde eit formelt innlegg om internasjonal politikk og globale utfordringar framfor ei stor forsamling er utfordrande i seg sjølve. Desse studentane gjorde det på eit språk dei berre har lært i litt over eit halvt år.

- Som språklærarar ser me stor effekt. Dette er eit pedagogisk opplegg som fremmer rask tileigning av vokabular, og her får studentane øve seg i språksituasjonar som er litt uvante, seier Egeli.

Etter innlegg og diskusjon skulle delegatane bli einige om ein resolusjon for konflikten i Kongo. Det heile vart leia av «generalsekretær» Øyvind Gjerde, avdelingsleiar i FN-sambandet Rogaland.

Populært studium
På studiet «Norsk språk og kultur for internasjonale studentar» lærer studentane om norsk språk, samfunn og litteratur. Eit år skal gjere dei klar for å studere vidare i Noreg. Studiet er veldig populært og kvart år er det mange søkjarar.

UiS logo