en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dei døde lever på nettet

Moderne spiritistar har teke i bruk internett og arrangerer seansar via Facebook. Med eit par tastetrykk kan du raskt koma i kontakt med eit medium.

Spiritisme dreier seg om formidling av meldingar frå dei døde sine ånder, via eit såkalla medium, til dei levande. Dette skjer oftast i seansar, der eit medium, oftast ei kvinne, formidlar beskjedar til einskildpersonar eller til eit større publikum.

Saman med trykte medium, tv og film er det sosiale medium som raskast formidlar spiritistiske praksisar og førestellingar.

– No blir det mellom anna oppretta Facebook-hendingar for såkalla healingseansar, fortel religionsforskar Anne Kalvig ved Universitetet i Stavanger.

– Folk skriv seg opp på veggen for hendinga, og etter seansen skriv mediet kva ho har opplevd av stemningar, healingenergiar og bodskap frå dei døde på den andre sida, fortel forskaren.

Intens kommunikasjon
Spiritisme rettar seg mot eit grunnleggjande håp hjå menneska om å kunna møta sine kjære igjen, æra dei og få forsoning og trøyst. Kalvig meiner spiritismen er som skapt for vår tid:

– I populærkulturen krinsar ein ofte omkring døden og kontakt med «den andre sida». Spiritismen si søking etter å kommunisera med dei døde høver særleg godt til den intenst kommuniserande tida vi lever i, seier ho.

– Det same gjer det grenseutfordrande og antiautoritære ved spiritismen. Søking etter identitet og autentisitet er typiske trekk både ved tida vi lever i, og ved spiritismen.

I ein artikkel i tidsskriftet Kirke og Kultur viser Kalvig korleis spiritismen no grip inn på fleire område av livet.

Norsk Spiritualistisk Trossamfunn tilbyr til dømes seremoniar i heile landet for alle dei store hendingane i livet, mellom anna spiritualistisk konfirmasjon.

Sprengjer grenser
Kalvig meiner mykje av dagens spiritisme kan definerast som religion og som ein del av nyåndelegheita, dersom ein forstår religion som erfaringar, førestellingar og praksisar som gjeld ei åndeleg røynd.

– Store delar av nyåndelegheita er grenseoverskridande. Grenser mellom vitskap og religion, mellom erfaring og tru og mellom fornuft og fantasi blir utfordra, forklarer Kalvig.

– Det spiritistiske verdsbiletet er mangfaldig og fleksibelt. Grensa mellom liv og død er ikkje absolutt eller berre reservert for dei heilage eller innvigde. Overskriding kan jo til og med formidlast via Facebook, seier ho.

Spiritismen utfordrar religiøse og kulturelle grenser som har vore verna av kyrkja på den eine sida og av seinmoderniteten si frykt for sjukdom, aldring og død på den andre.

Dette er så blitt utfordra av folkelege praksisar, der kvinner har fått heilt sentrale roller.

Spiritistiske superstjerner
Gjennom media har ein no fått spiritistiske superstjerner som engelske Lisa Williams og Sylvia Browne.

Arrangementa, bøkene og tv-seriane deira bidrar til å spreia spiritistiske førestellingar og gjere praksisane lett tilgjengelige og, for nokre, svært innbringande.

Kritikarane åtvarar mot spiritisme fordi dei oppfattar konkret kommunikasjon med ånder og døde som umogleg. Dei er urolege for at sørgjande blir utnytta i ei særs sårbar tid i livet. Kalvig er mindre kategorisk.

– At død, sorg, sorgarbeid og private minne blir gjenstand for underhaldning og offentleg kommunikasjon, har heilt klart eit potensial for å vera skadeleg for nokre. Men vi må likevel ta alvorleg det at mange opplever å finna nettopp trøyst, forsoning og håp ved å oppsøkja spiritistiske tilbod, meiner ho.



 

UiS logo
Anne Kalvig

Anne Kalvig er religionsforskar ved UiS.