en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Samarbeid

Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk har eit breitt samarbeid med andre sentre og institutt ved UiS. I tillegg samarbeidar instituttet med skular, universitet, høgskular, forskingsmiljø og andre aktørar i inn- og utland.

IGIS samarbeider med ti skuleeigarar og om lag 50 barne- og ungdomsskular i Rogaland. IGIS samarbeider med ti skuleeigarar og om lag 50 barne- og ungdomsskular i Rogaland.

Instituttet samarbeidar med blant andre Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret ved UiS.

Innan grunnskulelærarutdanningane samarbeider me særleg med Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark. I samarbeid med St. Olav vidaregåande skule, får også ein klasse med elevar frå "forskarlinja" ti studiepoeng i "Teknologi og design".

Vi samarbeider med ti skuleeigarar og om lag 50 barne- og ungdomsskular i Rogaland for å gi studentane på grunnskulelærarutdanningane god praksis. Vi har også eit godt samarbeid med Idrettskretsen i Rogaland og Stavanger Turistforening.

Ungdomstrinn i utvikling

UIU (Ungdomstrinn i utvikling) har gjennom Meld. St.22 (2010-2011) - Motivasjon-Meistring-Moglegheiter og Strategi for ungdomstrinnet – Motivasjon og meistring for betre læring, starta skulebasert skuleutvikling ved alle ungdomsskular i fylket i perioden 2012-2017 med fokus på klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Instituttet har hatt ansvaret for gjennomføringa av satsinga ved UiS. Gjennom dette arbeidet har vi vore utviklingspartnar på til saman 54 skular i 17 ulike kommunar i fylket.

For skulane innebærer skulebasert kompetanseutvikling at skulen si leiing og alle tilsette deltek og involverer seg i prosessen for å utvikle kollektive kunnskap, haldningar og ferdigheiter i høve til elevane si læring, læreren si undervisning og samarbeid. Arbeidsmåten i UIU og Skolebasert kompetanseutvikling kjenneteiknast av kollektiv innsats over tid.