en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Institutt for sosialfag

Institutt for sosialfag er eitt av to helse- og sosialfaglege institutt ved Universitetet i Stavanger. Ved instituttet utdannar vi mellom anna barnevernspedagogar og sosionomar.

Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Du må ha eit sterkt engasjement for andre, men samtidig skal du vere ein profesjonell fagperson som andre må kunne stole på. Respekt og integritet er såleis viktige verdiar for desse yrkesgruppene.

Sosialfaglege utdanningar er alltid aktuelle, og du vil få mange utfordringar undervegs. I studia vert det lagt vekt på å knyte den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman, og du vil få praktisk trening på potensielle arbeidsplassar.

Institutt for sosialfag tilbyr følgjande utdanningar:
Barnevern – treårig bachelor
Sosialt arbeid (sosionom) - treårig bachelor
Sosialfag – toårig master

Vidareutdanning i tverrfagleg rettleiing

Institutt for sosialfag held til i Kjell Arholms hus på Universitetsområdet. Sjå kart

 

Institutt for sosialfag

SMÅ OG STORE: Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet.