en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Institutt for medie- og samfunnsfag

Korleis formar vi samfunnet rundt oss, og korleis formast vi av samfunnet? Korleis kan vi redusere risikoen for at kriser oppstår? Kva rolle spelar ein leiar i endringsprosessar i ulike verksemder? Korleis vert nyheitene til? Korleis forstå forholdet mellom medium og makt? Korleis vert norsk politikk påverka av EU og globaliseringa?

Institutt for medie- og samfunnsfag tilbyr utdanningar som diskuterer og gjev svar på slike problemstillingar. Instituttet har eit breitt samansett og spanande fagtilbod frå bachelor til master, og vidare til doktorgrad. Under ein samfunnsvitskapleg paraply tilbyr instituttet både tradisjonelle og nyskapande utdanningar.

Bachelor- og mastergrad

Vi tilbyr grunnutdanningar i mediefaga journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon, i tillegg til sosiologi,  og statsvitskap. Deretter kan du velja å studera vidare på masternivå, innan fagområda endringsleiing og samfunnstryggleik. Instituttet tilbyr også master i dokumentarproduksjon.

Dette er allmennyttige utdanningar, som gjev eit godt grunnlag for å forstå samfunnet vi er ein del av. Utdanning på universitetsnivå gir deg, i tillegg til ein spesifikk fagkompetanse, ein generell kompetanse som av mange arbeidsgjevarar vert sett på som ein kvalifikasjon i seg sjølv.

Doktorgrad

Dersom du ønskjer å forsetja etter masternivå, kan du søkja opptak på eit av doktorgradsprogramma ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Doktorgradsstudiet er ei treårig forskarutdanning. Ved instituttet kan du få ei doktorgrad innan samfunnstryggleik, sosiologi, kultur & samfunn og leiing.

Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet (SEROS) og Nettverk for kjønnsforsking er knytt til instituttet.

Institutt for medie- og samfunnsfag