en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

UiS-studentar nybakte meistrar

Studentar ved UiS gjekk heilt til topps i den nasjonale finalen, og kan no kalle seg norgesmeistrar i økonomi som dei fyrste av sitt slag.

På biletet ser ein UiS-studentane (f.v) Trond Fugelli, Odd Kristian Ims og Fredrik Aarrestad lyfte pokalen då det vart klart at dei vart dei nye norgesmeistrane i økonomi På biletet ser ein UiS-studentane (f.v) Trond Fugelli, Odd Kristian Ims og Fredrik Aarrestad lyfte pokalen då det vart klart at dei vart dei nye norgesmeistrane i økonomi. Foto: Gry Ljøterud, Econa

Norges beste økonomistudentar kjem frå Universitetet i Stavanger (UiS). Dette vart klart seint torsdag 10. april då masterstudentane Fredrik Bendz Aarrestad, Odd Kristian Ims og Trond Fugelli frå Handelshøgskolen ved UiS,  vart kåra som dei fyrste norgesmeistrane i økonomi for studentar.

Kjempegøy
Under finalen fekk deltakarane i oppgåve å løyse ein såkalla «case», som DNB stod bak. Dei tre beste laga gjekk så vidare til ein aller siste finalerunde som vart gjennomført som ein spørjekonkurranse, der det var UiS som til slutt trakk det lengste strået og stakk av med ein stor pokal og ein premie på 30.000 kroner.

– Vi vann etter at juryen sa at vår case-oppgåve var «eit hestehovud» framfor dei andre seks laga. Dette er kjempegøy, sa ein glad Aarrestad torsdag.

Før dei i går vart kåra som norgesmeistrar i økonomi hadde dei kjempa seg til ein finaleplass ved hardt arbeid gjennom to innleiande rundar lokalt ved UiS, og vart dei heldige som vart sendt til Oslo for å representere UiS i den nasjonale finalen i NM i økonomi.

– Måle oss med andre
I finalen slo studentgruppa med lagnamnet «UiS7» seks andre lag frå andre utdanningsinstitusjonar, deriblant eit samanslått «Bergen-lag» med representantar frå både BI og NHH. Deltakarane hadde berre ein kalkulator til hjelpemiddel. Før finalen fortalte Aarrestad, som går første året på master i økonomi og administrasjon, at han ikkje frykta motstandarane sine. Det hadde han tydelegvis heller ingen grunn til.

– Det var litt av motivasjonen vår og årsaka til at vi valde å melde oss på konkurransen i det heile teke – for å få målt oss sjølve opp mot andre økonomi-studentar. Vi veit ikkje kor gode vi er samanlikna med til dømes NHH-studentar før vi har prøvd oss, uttalte Aarrestad seg før finalen gjekk av stabelen.

Før finalen førebudde han og lagkameratene seg ved å lese gamalt og nytt pensum og la i tillegg ein strategi for korleis dei skulle angripe oppgåva.

– Vil gjere UiS stolt
I den første innleiande runden som vart gjennomført lokalt på dei ulike utdanningsinstitusjonane, måtte deltakarane svare på multiple choice-oppgåver innan alt frå matte, statistikk og strategi til ex-phil. I den andre runden konkurrerte dei tre laga med høgast score frå første runden mot kvarandre, og fekk to klokketimar til å løyse ein større case der deltakarane måtte bruke fagkunnskapane sine for å løyse oppgåva.

Det er Econa, interesseorganisasjonen for høgt utdanna økonomar, som arrangerer Norgesmeisterskapet i økonomi, og på UiS var det studentgruppa som hadde ansvaret for den lokale gjennomføringa av konkurransen. Styreleiar i Econa UiS og prosjektansvarleg for gjennomføringa lokalt av NM i økonomi, Morten Økland er stolt av dei nybakte norgesmeistrane og medstudentane sine.

– Eg er utruleg glad for at dei klarte å slå både NHH, to BI-institusjonar og andre dyktige motstandarar. Dei førebudde seg godt før dei reise nedover, men hadde også mykje av kunnskapen inne frå før av. Dei er tre særs dyktige studentar som har gjort Handelshøgskolen ved UiS stolt, og Econa UiS er svært nøgde med å ta første stikk i NM i økonomi, seier han.

Vidareførte prøveprosjektet
NM i økonomi er Econas landsdekkande casekonkurranse. I fjor vart konkurransen gjennomført med stor suksess ved Høgskolen i Oslo og Akershus som eit prøveprosjekt. I år var første året arrangementet vart landsdekkande, og til neste år vert finalen halden i den byen der vinnarlaget er frå, som i høvet vert på Ullandhaug og Universitetet i Stavanger. UiS-studentane stakk i går av med ein premie på 30.000 kroner, medan Universitetet i Tromsø kom på andreplass og vann 15.000 kroner og Høgskolen i Buskerud og Vestfold kom på tredjeplass og stakk av med 6.000 kroner.

Målet med konkurransen, er å auke interessa og motivasjonen for økonomifaget, både generelt og på forretningsnivå. Her vert pensum sett opp mot verkelegheitsaktuelle spørsmål og dannar såleis ein raud tråd mellom dei økonomiske fagretningane og arbeidslivet.


Desse laga var med i finalen i NM i økonomi:

- Bergen (Bi Bergen & NHH) - NHH4
- Oslo (Bi Oslo, HiOA & NMBU) - BiOslo8
- HBV avdeling Hønefoss - HBV2
- Handelshøyskolen i Trondheim - HHiT3
- Universitetet i Agder - UiA9
- Universitetet i Stavanger - UiS7
- Universitetet i Tromsø - UiT2