en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Rune Dahl Fitjar yngste UiS-professor

Rune Dahl Fitjar er tilsett som professor i innovasjonsstudiar ved Handelshøgskolen ved UiS frå 1. september. Med sine 33 år blir han dermed den yngste professoren ved UiS.

Rune Dahl Fitjar kjem frå ei stilling som seniorforskar ved IRIS. Sidan 2007 har han jobba ved forskingsinstituttet med prosjekter knytt til regional innovasjon og til Senter for innovasjonsforsking.

Fitjar har også hatt ein førsteamanuensis II-stilling ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag frå 2010 og fram til han no blei tilsett som professor på heiltid ved Handelshøgskolen ved UiS og Senter for innovasjonsforsking.

Fitjar har ein ph.d. i statsvitskap frå London School of Economics frå 2007, der han også har undervist. I 2011 og 2012 var han på eit lengre forskingsopphald ved University of California i Los Angeles.

Offensivt miljø
No gler han seg til den nye kvardagen som professor ved UiS.

– Eg gler meg til å arbeide i eit sterkt, ungt og offensivt forskingsmiljø ved Handelshøgskolen ved UiS. Eg ser også fram til å vere med og utvikle eit studietilbod innan innovasjon og regional utvikling, fortel Fitjar.

Også professor Ragnar Tveterås, som er leiar ved Senter for innovasjonsforsking, er glad for at Fitjar no skal jobbe ved Handelshøgskolen ved UiS.

– Han kan reknast som ein av dei mest lovande forskarane internasjonalt, og har allereie publisert artiklar i nokre av dei ledande tidsskrifta. Han har også fått mykje merksemd frå ulike media, frå Washington Post i USA til Dagens næringsliv i Norge, seier Tveterås, som meiner tilsettinga er med på å gi eit kraftig løft for UiS si forsking på innovasjonsprosessar.

Innovasjonsdagane
Rune Dahl Fitjar har forfatta ei rekkje vitskaplege artiklar og er mellom anna forfattar av boka «Rise of Regionalism». I 2012 vann han Stavanger Forum sin formidlingspris for si forsking på regional innovasjon.

Under innovasjonsdagane på UiS vil han mellom anna halde eit innlegg torsdag 5. september. Tittelen på presentasjonen er «Innovation and Collaboration in Norwegian City Regions: Findings from the 2013 Regional Innovation Survey». Fitjar er også ein av arrangørane av workshopen under innovasjonsdagane.

Les meir om UiS Innovation Days
Les også: Stavanger Forums Formidlingspris til Rune Fitjar

UiS logo
Rune Dahl Fitjar

UNG PROFESSOR: Tidlegare forskar ved IRIS, Rune Dahl Fitjar, er tilsett som professor i innovasjonsstudiar ved Handelshøgskolen ved UiS. Han blir dermed den yngste professoren ved UiS.