en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ola Kvaløy Junior Visiting Fellow ved NHH

Årets mottakar av gjestestipendet ved NHH er professor Ola Kvaløy frå Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger.

I samband med opprettinga av Sandmo-førelesinga ved Norges handelshøyskole NHH vart det også oppretta eit gjestestipend for særleg lovande forskarar under 40 år under tittelen The Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy.

Kvaløy har mastergrad frå UiB og tok doktorgraden ved NHH i 2003. Han vart professor ved UiS i 2008, og har vore professor II ved NHHs Institutt for foretaksøkonomi sidan 2010.

Stipendet omfattar m.a. eit gjesteopphald ved Institutt for samfunnsøkonomi og eit føredrag.

Kvaløy sitt føredrag finn stad fredag 13. januar klokka 12.15 i Terje Hansens auditorium ved Norges Handelshøyskole i Bergen og ber tittelen "The law and economics of relational contracts".