en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Økonomistudent med romfartsplanar

UiS-student Fredrik Bendz Aarrestad er ein av tre frå Noreg som har fått plass på årets sommarkurs ved NASA sitt Kennedy Space Center som blir arrangert av International Space University (ISU).

UiS-student Fredrik Bendz Aarrestad i Planetariet i Sandnes.

– Dette blir spennande. Eg gler meg til å sjå korleis mine kunnskapar innan samfunnsøkonomi kan brukast for å studere nytteverdien av romfart, seier Aarrestad, som er student ved Handelshøgskolen ved UiS.

Han har nett fått det svaret han ønska seg på søknaden han sendte til International Space University (ISU). 1. juni set han seg på flyet til Florida for studere ved Florida Institute of Technology og NASA sitt Kennedy Space Center.

I ni veker skal han fordjupe seg i romfartens moglegheiter saman med 120 deltakarar frå nærmare 30 land. Blant deltakarane er det studentar, forskarar og folk frå administrasjon og forvaltning.

Opptakskomiteen ved ISU har plukka ut flest deltakarar med teknologisk bakgrunn, men ein fjerdedel kjem frå andre fagområde. Og det er her Aarrestad kjem inn.

Forsking for framskritt
– Mange rynkar litt på nasen når ein økonomistudent vil studere romfart. Det er nok ikkje mange økonomistudentar som interesserer seg så mykje for romfart som det eg gjer, innrømmer han.

– Men for meg kan vitskap og romfart heilt klart sjåast i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Mange teknologiske nyvinningar har kome som resultat av at romfartsforskinga har gått føre og utfordra kva som er mogleg i denne verda, seier Aarrestad.

– Teknologiske nyvinningar har jo vore med å skape den økonomien vi har i dag. Vitskap gjer morgondagens teknologi mogleg, og slik skapast morgondagens jobbar og vi får økonomisk vekst, forklarer han.

For tida jobbar Aarrestad med ein bacheloroppgave om den samfunnsøkonomiske verdien av vitskapleg framgang, med hovudvekt på romfart.

Under sommarkurset skal han fordjupe seg i romfartsleiing, samt å finne svar på korleis romfart kan bidra til å betre kvaliteten på realfag og skape større interesse for slike fag.

Dei store spørsmåla
Sjølv har UiS-studenten alltid vore oppteken av å finne svar på store gåter, og han har lenge interessert seg for vitskap innanfor fleire ulike felt. Romfart, astrofysikk, evolusjonsteori og bioteknologi er berre nokre av interessefelta.

– Vitskapen er både vakker og viktig, seier han poetisk og held fram:

– Framover vil mange av dei store spørsmåla dreie seg om korleis vi skal klare å levere nok energi til verdas vaksande befolkning. Og samstundes som behovet for energi aukar, må verdas land også redusere sine utslipp for å bevare miljøet, seier Aarrestad.

Han er overbevist om at morgondagens teknologi vil kunne levere mange løysingar på slike store spørsmål.

– Forsking på romfart har opp gjennom tidene resultert i mange teknologiske løysingar som også kan brukast på andre områder. Tenk berre på kor avhengige vi er i dag av satellittar og mobiltelefonar, seier han.

Andre UiS-student til NASA
No gler den ivrige økonomistudenten seg til å ta fatt på det som vil bli ein heilt annleis sommar enn det han er vandt med.

– Det blir langt frå nokon ferie. Eg er forberedt på eit intenst opphald og er spent på kva det vil føre med seg, seier Aarrestad, som har fått noko økonomisk støtte frå Norsk Romsenter til sommarkuset.

Aarrestad tok fatt på søknaden til sommarkurset etter å ha snakka med ein annan UiS-student som no deltar i eit forskingsprosjekt i regi av NASA.

Ingeniørstudent Christopher Hoftun er nemleg i USA for tida der han er med i eit forskingsprosjekt om boring på Mars.

Les meir om sommarkuset til International Space University
Les også: UiS-student til NASA

Tekst: Silje Stangeland
Publisert: 18.04. 2012

NASA sitt Kennedy Space Center

Her på Kennedy Space Center skal UiS-student Fredrik Bendz Aarrestad studere i sommar. (Foto: Wikimedia Commons)