en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ødegaard inn i Folketrygdfondet

Professor Bernt Arne Ødegaard er vald inn i styret for Folketrygdfondet.

Det går fram av ei pressemelding frå Finansdepartementet.

Ødegaard er professor i finansiell økonomi ved Handelshøgskolen UiS. Han trer inn i styret 1. januar 2013.

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg og Statens obligasjonsfond på vegne av Finansdepartementet. Samla forvaltningskapital ved utgangen av tredje kvartal 2012 var på vel 195 milliardar kroner.

Styret er no sett saman av fylgjande personer:

  • advokat Erik Keiserud (leiar)
  • siviløkonom og rådgjevar Mai-Lill Ibsen
  • siviløkonom og banksjef Marianne Hansen
  • dr. polit., førsteamanuensis og forskar II Per Botolf Maurseth
  • professor i finansiell økonomi Bernt Arne Ødegaard
  • konsernsjef og statsautorisert revisor Maalfrid Brath
  • siviløkonom og administrerande direktør Renate Larsen