en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ni millionar til forsking på motivasjon i arbeidslivet

UiS-professorane Ola Kvaløy og Mari Rege har fått ni millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å forske på kva som motiverer arbeidstakarar til innsats i jobben.

I prosjektet «Feedback and Incentives: Maintaining Motivated Employees» skal forskarane sjå nærare på insentiv og motivasjon på arbeidsplassen og kva slags faktorar som spelar inn på arbeidstakarane sin trivsel og vilje til auka innsats.

– I kva slags grad blir vi motiverte av prestasjonsbasert lønn? Og er det andre faktorar enn pengar som verkar motiverande? I prosjektet skal vi undersøke kva slags faktorar som er med å auke innsatsen og betre trivselen, og som gir lågare sjukefråvær, fortel Ola Kvaløy, som saman med Mari Rege skal leie prosjektet.

– Vi vil også sjå nærare på korleis ny teknologi, som no gjer det lettare å gi arbeidstakarar tilbakemeldingar, verkar inn på åtferda til bedrifter og tilsette, fortel han.

Arbeidsliv i endring
Ifølgje forskarane vil vi i åra som kjem trenge fleire motiverte arbeidstakarar som både kan stå lenge i jobben og som kan skape verdiar for landet. Om nokre tiår vil ein mykje større del av befolkninga vere eldre over 70 år. For å kunne klare å levere dei nødvendige tenestene til samfunnet, må arbeidslivet bli meir produktivt.

Og for å kunne får ned sjukefråvær og auke produktiviteten i arbeidslivet er det viktig at arbeidstakarane er motiverte til innsats. Motiverte arbeidstakarar er avgjerande for verdiskaping.

Samstundes er arbeidslivet i endring. Til dømes opnar ny teknologi opp for fleire moglegheiter for oppfølging og overvaking på arbeidsplassen. Og blir dei tilsette meir eller mindre motiverte av slike endringar?

– Dette er viktige spørsmål som ikkje berre vi forskarar, men også partane i arbeidslivet søkjer svar på, seier Kvaløy.

Ambisiøst prosjekt
Dei to professorane ved Handelshøgskolen ved UiS gler seg til å ta fatt på prosjektet, som startar opp i august 2013 og varer fram til juni 2017.

Det er gjennom programmet Velferds, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i Forskingsrådet at forskargruppa har fått ni millionar kroner til prosjektet.

– Det er sjølvsagt svært gledeleg å få denne støtta frå Noregs forskingsråd. Det bidreg til å knyte saman gode forskingsmiljø i arbeidet med å realisere eit ambisiøst forskingsprosjekt, seier Kvaløy.

Også førsteamanuensis Ingeborg Foldøy Solli og ph.d.-student William Gilje Gjedrem ved HHUiS skal forske saman med Rege og Kvaløy i prosjektet. I tillegg har dei fått med seg dei anerkjente forskarane Trond Olsen frå Norges Handelshøyskole, Mark Votruba frå universitetet Case Western Reserve University, Petra Nieken frå universitetet i Bonn og Anja Schottner frå universitetet i Konstanz.

UiS logo
Ola Kvaløy og Mari Rege (Foto: Elisabeth Tønnessen/UiS)

GLER SEG TIL Å KOME I GANG: UiS-professorane Ola Kvaløy og Mari Rege har fått ni millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å undersøke kva som motiverer arbeidstakarar til innsats i jobben. (Foto: Elisabeth Tønnessen/UiS)