en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Innovasjonsdagar med prisutdeling

5. og 6. september inviterer Senter for innovasjonsforsking ved UiS til Innovation Days 2013. Det blir både seminar om kommersialisering, utdeling av Sparebank 1 SR-bank sin innovasjonspris og internasjonal workshop om regional utvikling.

– Programmet for innovasjonsdagane er allsidig og variert og det er både mogleg å melde seg på heile eller delar av programmet. Arrangementa er opne for alle interesserte, fortel organisator Egil Svela ved Senter for innovasjonsforsking.

Ifølgje Svela er programmet delt i tre delar; første del handlar om forsking og kommersialisering, rettar og patenter. Deretter blir det utdeling av Sparebank 1 SR-bank sin innovasjonspris og foredrag av den anerkjente professoren Michael Storper.

Siste del av torsdagen og heile fredagen blir det ein workshop med internasjonale forskarar som skal diskutere innovasjon og regional utvikling.

Sjå heile programmet til Innovation Days 2013

Patentprosessar
Torsdag 5. september startar innovasjonsdagane med eit to timar langt seminar om forsking og utfordringar knytt til kommersialisering og patenter.

Professor Olav Torvund ved Universitetet i Oslo skal halde foredrag. Det skal også seniorrådgjevar Cathrine Fahre Holt frå Nærings- og handelsdepartementet.

I tillegg vil administrerande direktør Anne Cathrin Østebø og prosjektleiar Mátyás Kolsofszki frå Prekubator TTO halde innlegg om patentprosessar.

Innovasjonsprisutdeling
Etter lunsj blir det ei høgtideleg opning av innovasjonsdagane ved UiS-rektor Marit Boyesen før det er tid for utdeling av Sparebank 1 SR-bank sin innovasjonspris. Innovasjonsprisen er ein ærespris for forskingsbasert nyskaping og kommersialisering som blir delt ut av SpareBank 1 SR-Bank til tilsette ved UiS eller IRIS.

Etter prisutdelinga vil professor Michael Storper frå London School of Economics, University of California, Los Angeles og Sciences PO i Paris halde innlegget «Keys to the city: How Innovation Shapes Development».

Seansen blir avslutta med ein rundebords-diskusjon om «Innovation Policies for a Knowledge-Based Economy» med fleire internasjonale forskarar og professorar. Blant dei er Andrés Rodríguez-Pose, David L. Rigby, Michaela Trippl og Bjørn T. Asheim, som er professor ved  Lunds universitet og UiS. Også Abelia-direktør og samfunnsdebattant Paul Chaffey vil delta i diskusjonen.

Regional utvikling
Siste del av innovasjonsdagane er ein workshop om regional utvikling. Her vil fleire forskarar frå  Handelshøgskolen ved UiS presentere aktuelle forskingsprosjekt og det vil også bli presentasjonar frå nokre av verdas fremste forskarar på feltet.

Bjørn Terja Asheim vil mellom anna halde innlegget «Innovation Policy for Regional Economic Renewal: A Nordic Comparison» og Rune Dahl Fitjar vil halde innlegget «Innovation and Collaboration in Norwegian City Regions: Findings from the 2013 Regional Innovation Survey».

Leiar ved Senter for innovasjonsforsking ved UiS, professor Ragnar Tveterås, vil halde innlegget «Technological Changes and Agglomeration Economies in Natural Resources Based Sectors».

Les meir om Innovation Days 2013 og meld deg på her!

Påmeldingsfrist er onsdag 28. august.

UiS logo
Logo til Senter for innovasjonsforskning

INNOVASJONSDAGAR: 5. og 6. september inviterer Senter for innovasjonsforsking ved UiS til Innovation Days 2013