en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FIBE-prisen til Kristoffer W. Eriksen

Kristoffer Wigestrand Eriksen frå Handelshøgskolen ved UiS er årets vinnar av Forlagenes fagpris, også kjent som FIBE-prisen. Eriksen får prisen for artikkelen "Myopic risk-taking in tournaments" som han har skrive saman med UiS-professor Ola Kvaløy.

Kvart år i samband med FIBE-konferansen, som blir arrangert ved Norges Handelshøgskole (NHH), vert det delt ut ein pris til beste konferansebidrag frå ein forskar under 35 år.

- Det er veldig kjekt å få ein slik pris. Det er stas å få slik tilbakemelding på at det vi jobbar med blir satt pris på. Dessutan motiverar det veldig til vidare innsats, seier ein nøgd prisvinnar etter utdelinga.

Det var UiS-professor og medforfattar på Eriksens artikkel, Ola Kvaløy, som tok i mot prisen på prisvinnaren sine vegne sidan Eriksen ikkje sjølv var til stades på konferansen i Bergen.

Risikotaking hos finansaktørar
Vinnarartikkelen tek utgangspunkt i spørsmålet om kortsiktigheit hos finansaktørar medfører auka risikotaking. Gjennom eksperiment gjennomført som "turneringsspel" med studentar som deltakarar har Eriksen og Kvaløy vist at dette er tilfellet.

I artikkelen har dei to også analysert og argumentert for resultata frå eksperimenta med utgangspunkt i åtferdshypotesar frå fagområdet "behavioral economics".

"Artikkelen scorer høyt på originalitet og relevans. Eksperimentene er godt gjennomførte og bringer fram nye og interessante funn. I tillegg inneholder artikkelen en god diskusjon av faglitteraturen innen området," konkluderer fagpriskomitéen, representert ved professor Bjarne Espedal (NHH), førsteamanuensis Jøril Mæland (NHH) og professor Jon Christian Langli (BI).

Får 20 000 kroner
Forlagenes fagpris er på kroner 20 000. Sidan 1996 har FIBE-prisen vore finansiert av Cappelen Akademiske, men frå 2011 bidreg også Gyldendal Akademisk, Fagbokforlaget og Universitetsforlaget.

FIBE-konferansen, som i år blei arrangert for 28. gang, blir av mange rekna som den viktigaste møteplassen for det norske bedriftsøkonomiske forskings- og utdanningsmiljøet.

Les også: Kristoffer Wigestrand Eriksen har disputert

UiS logo