en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ein finansnerds draum

I sommar har Tarjei Lode lært blant dei beste på Wall Street. Økonomistudenten fekk attpåtil toppkarakterar under opphaldet ved det anerkjente Columbiauniversitetet i New York.

Tarjei Lode var ein av 30 som kom inn på sommarprogrammet i økonomi ved det prestisjefylte universitetet i USA. Frå 2. juli til 10. august var det fullt opp med studium, oppgåveskriving og turar til børsen og sentralbanken Federal Reserve.

21-åringen frå Nærbø tek siste året på bachelorgraden i økonomi og administrasjon ved Handelshøgskolen ved UiS. Han
fortel om eit inspirerande sommarprogram i verdsmetropolen.

– Det har vore ein lærerik sommar og noko eg har drøymt om lenge. Ikkje minst har eg lært mykje om andre kulturar og korleis ting går føre seg på Wall Street, seier Lode.

– Dessutan var det jo stas å vere der. Columbia-universitetet er blant dei ti beste i verda, og det store førebiletet mitt, Benjamin Graham, studerte der, fortel 21-åringen.

Det var særleg interessa for investorlegendene Warren Buffett og Benjamin Graham, som begge er utdanna ved Columbia, som gjorde at Lode søkte seg dit. Presidentane Barack Obama og Franklin D. Roosevelt er òg tidlegare studentar ved
universitetet.

Toppkarakterar
Lode er stolt over innsatsen sin i sommar og er glad for å kunne skrive inn toppkarakterar frå Columbia på cv-en. UiS-studenten fekk nemleg det som svarer til bokstavkarakteren A pluss.

– Det er den beste eksamenen eg har gjort, seier Lode stolt.

Men han legg ikkje skjul på at innsatsen har kosta. Skal ein nå slike mål, er det berre hardt arbeid som tel.

– Det er krevjande, men også givande å gå steg for steg heile vegen mot ein slik draum. Men det var eg førebudd på, seier den ambisiøse studenten.

– Skal du få oppfylt draumane dine, er det viktig at du ikkje lèt andre styre showet. Gjer det du sjølv vil. Då kjem du langt, seier bondesonen frå Jæren.

Framtidsdraumen
I tillegg til å ha akademiske ambisjonar meiner Lode det er viktig å vere aktiv på andre arenaer. Som student har han sjølv vore med i eit talentnettverk for toppstudentar, NOVA 100, og han har også vore med på å starte ein eigen børsklubb for studentar ved UiS. I tillegg er han nestleiar i ei nasjonal interesseforeining for finansinteresserte studentar.

Lode er no godt i gang med siste året på økonomistudiet ved UiS. Etter det set han kursen mot London.

– Først satsar eg på studium ved London School of Economics, og så nokre år med jobbing i London. Etter det vil eg prøve meg på ein mastergrad i økonomi i USA, og då helst ved Columbia-universitetet. Så håper eg å få meg ein jobb på Wall Street, helst før eg fyller 30 år, fortel han.

– Den store draumen er å få jobbe i investeringsbanken Goldman Sachs, seier Lode.

Førsteamanuensis Gorm Kipperberg ved Handelshøgskolen ved UiS gir Lode dei beste skussmål. Han har stor tru på at han vil nå målet sitt.

– I tillegg til å vere i det akademiske toppsjiktet er Tarjei uvanleg moden og ambisiøs. Det at han er interessert i å jobbe med finans, betyr ikkje at han er ein stereotyp Wall Street-forretningsmann. Tarjei har ei djupare interesse for og forståing av verdsetjing av selskap og dynamikkane i finansmarknadene, seier han.

– Tilnærminga hans er intellektuell. Han vil prøve ut økonomiske hypotesar i den verkelege verda, der det å tene pengar på vegner av investorar og for seg sjølv er ei vitskapleg stadfesting av fundamental teori, legg Kipperberg til.

Saka stod på trykk i Univers 3 2012

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Johannes Worsøe Berg

UiS logo