en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Debatt om den norske samfunnsmodellen

UiS Debatt inviterer til økonomidebatt i Folken, torsdag 27. oktober kl 19.00. Tema: ”Er den norske samfunnsmodellen oppskrytt?”.

Hovudinnleiar er økonomiprofessor Kalle Moene ved Universitetet i Oslo. Han er leiar for ESOP, eit senter for framifrå forsking som mellom anna forskar på korleis den norske velferdsstatsmodellen både skapar sosial tryggleik, god sysselsetjing og økonomisk vekst.

Kveldens kommentatorar er Kristin Clemet, dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita og tidlegare utdannings- og  forskingsminister, og førsteamanuensis Gorm Kipperberg, Handelshøgskulen ved UiS. Kipperberg har si samfunnsøkonomiske utdanning frå USA og har budd der i 20 år. Han vil dele sitt alternative perspektiv på den norske samfunnsmodellen.

Økonomiprofessor Ola Kvaløy ved UiS er forskarvert for debatten.

– Den norske modellen er prega av små lønsskilnadar. Sett i eit insentivperspektiv skulle ein tru at dette gir mindre produktivitet. Mens Moene har forska på korleis eit land som Noreg likevel presterer så bra, meiner Clemet at sosialdemokratiet får for mykje av æra, seier Kvaløy.

UiS og Aftenbladet
UiS Debatt er Universitetet i Stavanger sitt offisielle diskusjonsforum. Debattane blir arrangerte i samarbeid med Stavanger Aftenblad.

Etableringa av UiS Debatt er eit uttrykk for at universitetet vil engasjere seg enda meir i viktige samfunnsspørsmål. UiS satsar på formidling av forsking, og alle debattane på Folken skal vere forankra i fagmiljø ved Universitetet i Stavanger.

UiS logo