en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bjørn T. Asheim ny professor ved UiS

Bjørn Terje Asheim er tilsett som professor i økonomisk geografi og innovasjonsteori ved Handelshøgskolen ved UiS. Den internasjonalt anerkjente professoren vil ta innovasjonsforskinga ved UiS til nye høgder.

Den internasjonalt anerkjente professoren blei tilsett ved Handelshøgskolen ved UiS den 1. september. No vil ha jobbe for at innovasjonsforskingsmiljøet ved UiS skal bli blant dei beste i Norden – og det beste i Noreg.

– Eg ser fram til å bidra til å styrkje innovasjonsforskinga ved UiS. Universitet har - saman med IRIS - sitt eige Senter for innovasjonsforsking, som eg er knytt til. Og UiS er medlem av European Consortium of Innovartive Universities (ECIU), så forholda skulle liggje godt til rette for å kunne utvikle innovasjonsforskingsmiljøet til å bli det ledande i Noreg, og til å bli blant dei beste i Norden, seier Bjørn Terje Asheim.

– Her vil mine erfaringar frå oppbygginga av forskingssenteret CIRCLE ved Lunds universitet vere til stor nytte. Elles er det jo hyggelig å kome tilbake til Stavanger, byen eg kjem frå, fortel han.

Internasjonal tungvektar
Bjørn Terje Asheim kjem frå stillinga som professor ved Lunds Universitet, der han har vore med på å grunnleggje og leie forskingssenteret CIRCLE. Senteret har blitt eit av dei ledande innovasjonssentra i Europa og Asheim har vore med på å byggje opp forskingsmiljøet ved senteret. Han vil framleis vere tilknytt CIRCLE i ei bistilling som professor.

Asheim er også professor II ved Handelshøgskolen BI i Oslo, der han er programdirektør for den norske forskarskolen i innovasjon, NORSI. Asheim leiar PING-programmet som gjeld innovasjonsprosessar og innovasjonssystem i eit større samfunnsmessig perspektiv.

Asheim er involvert i ei lang rekkje forskingsprosjekt og har publisert ein stor mengde vitskaplege artiklar. Han har også hatt mange verv internasjonalt og i Noregs forskingsråd og har også vore gjesteprofessor ved National University of Ireland i fem år.

Før han blei professor i Lund i 2001 var han professor ved Universitetet i Oslo; dei siste åra ved Senter for Teknologi, Innovasjon og Kultur (TIK). Asheim er både utdanna sviløkonom frå Handelshøgskolen i Bergen og han har ein ph.d. i økonomisk geografi frå Lunds Universitet i Sverige.

Innovasjonsløft for UiS
Asheim er grunnleggjaren av teoriar om regionale innovasjonssystem og industrielle kunnskapsbasar. Han er også Norges mest siterte forskar innan samfunnsgeografi og den nest mest siterte innan innovasjonsstudiar. Også leiar ved Senter for innovasjonsforsking ved UiS, professor Ragnar Tveterås, er glad for å Bjørn Terje Asheim til UiS:

– Bjørn Terje Asheim er ein internasjonal tungvektar innan innovasjonsforsking. Han står bak nokre av dei ledande forskingsbidraga, og han har eit svært globalt nettverk. Frå Lunds Universitet i Sverige tek han også med seg betydelege erfaringar og kompetanse i å byggje forskingsmiljø, fortel Tveterås.

Den 1. september blei også professor Rune Dahl Fitjar tilsett ved Handelshøgskolen ved UiS. Tveterås meiner tilsettinga av dei to professorane representerer eit kraftig løft for UiS si innovasjonsforsking .

– Tilsettinga av Asheim og Fitjar har allereie hatt positive effektar. Dei har samarbeida om utvikling av prosjektsøknader i Noregs forskingsråd og dei har saman organisert ein internasjonal workshop med forskarar frå universiteter knytt til European Consortium of Innovative Universities, som UiS har blitt medlem av, fortel Tveterås.

– Dei har også stått for den faglege organiseringa av det internasjonale arbeidsseminaret under UiS Innovation days, som blir arrangert frå 5. til 6. september ved UiS, fortel Tveterås, som no ser fram til spennande dagar der innovasjon og regional utvikling skal drøftast.

Les også: Innovasjonsdagar med prisutdeling 
Les også: Rune Dahl Fitjar yngste UiS-professor

UiS logo
Bjørn Terje Asheim

INNOVASJONSPROFESSOR: Professor Bjørn Terje Asheim er tilsett ved UiS. No vil han ta innovasjonsforskinga ved UiS til nye høgder.