en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Forsking for eit godt læringsmiljø

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking er eit nasjonalt senter som skal drive målretta forsking og formidle resultat frå forsking kring læringsmiljø.

Senteret skal også gi nasjonale utdanningsmyndigheiter råd og tenester, samt bidra til å realisere statens satsing i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling og bidra til høgare kvalitet i læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne.

Senteret vart etablert 1. januar 2013 då Senter for atferdsforsking (SAF) ved Universitetet i Stavanger og Lillegården kompetansesenter i Porsgrunn danna eit nytt senter som fekk namnet Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking, til dagleg kalla Læringsmiljøsenteret.

Senter for atferdsforsking (SAF) vart etablert i 1989, og var landsdekkjande frå 1999. Oppbygginga av SAF som kompetansesenter skjedde først og fremst gjennom arbeid overfor kommunar og fylkeskommunar, og gjennom forskingsaktivitetar innanfor sosiale og emosjonelle vanskar.

Læringsmiljøsenteret er del av Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger (UiS), men har avdelingar både i Stavanger og Porsgrunn.

Les meir på Læringsmiljøsenteret sine heimesider.

UiS logo