en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP)

Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging er eit av dei mest forskingstunge institutta i Noreg. Instituttet har ei rekkje masterstudium innan svært aktuelle område.

Bilde av tog som har kjørt gjennom veggen på en stasjon. Risikostyring er viktig innenfor en rekke samfunnsområder, blant annet transport.

Instituttet tilbyr fire masterstudium (lenke til studietilbodssidene våre):

Industriell økonomi

Risikostyring

Samfunnssikkerhet

Byplanlegging

Ei mogleg vidare utdanning er doktorgradsstudiet i risikostyring og samfunnstryggleik

Instituttet har dessutan ansvaret for bachelorstudiet i bygg med spesialiseringar i byutvikling og urban design og i teknisk planlegging.

Forskingsfelt ved IØRP

Dei tilsette ved instituttet har høg fagleg kompetanse. Halvparten av dei vitskapleg tilsette er professorar. 

Instituttet har mange stipendiatar. Forskingsområda er:

  • risikoanalyse og -styring,
  • industriell økonomi med petroleumsøkonomi
  • fiskeri og havbruk
  • urban design / byplanlegging
  • samfunnstryggleik

Instituttet har i mange år vore blant Noregs mest aktive forskingsmiljø, målt i publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett.

Senter for risikostyring og samfunnssikkerheit (SEROS) - er knytt til instituttet, som også har ei eiga faggruppe for urban design (engelske sider).

 

UiS logo