en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Styrer og utval

Fleire styrer og utval er sentrale i høve til å utvikle studiekvaliteten ved Universitetet i Stavanger. I alle formelle organ er studentar (utpeika av StOr) og tilsette representert.

Programutval
Fleire av studia har programutval. Programutvala går gjennom studieprogramma, særleg i samband med årleg revisjon av emne og studieprogram. Nokre av desse programutvala har studentrepresentantar. 

Instituttstyre
Instituttstyra har ansvar for å fastsetje overordna mål, prioriteringar og strategiar for institutta, blant anna budsjett. Instituttstyra har studentrepresentantar.

Kvalitetsutval
Kvalitetsutvala på fakulteta arbeider med sikring og utvikling av studiekvalitet i tråd med kvalitetssystemet. Studentar kan fremje saker som har med studiekvalitet å gjere gjennom dei to studentrepresentantane som sit i utvalet på deira fakultet.

Fakultetsstyre
Fakultetsstyret har ansvar for å fastsette overordna mål, prioriteringar og strategiar for fakultetet. Gjennom dette arbeidet behandlar også fakultetsstyret saker som angår kvalitet i utdanningane. Kvart fakultet har sitt fakultetsstyre, med to studentrepresentantar.

Læringsmiljøutvalet (LU)
Læringsmiljøutvalet skal bidra til at miljøet for læring ved universitetet svarer til det som er fastsett i lov om universitet og høgskular og av universitetetstyret. Utvalet tek del i planlegging av tiltak innan virkeområdet, og vurderer og rapporterer kvaliteten på det fysiske, digitale og psykososiale læringsmiljøet ved universitetet, så vel som eigen funksjon og yting. Læringsmiljøutvalet har like mange studentrepresentantar som det er representantar frå dei tilsette.

Utdanningsutval (UU)
Utdanningsutvalet gjer arbeid med kvalitet på vegne av, og på oppdrag frå styret. Utdanningsutvalet skal mellom anna utarbeida årleg kvalitetsrapport og tiltaksplan til styret. Utvalet skal medverke til samarbeid om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling på tvers av fakultet, program og fagmiljø, og institusjonen sin eigen evaluering og vedlikehald av systemet for sikring av kvalitet i utdanningane. Utvalet deltar i planlegging og koordinering av NOKUT sine institusjonsevalueringar. Utdanningsutvalet har elleve medlemmar, fire av dei er studentrepresentantar.

Universitetsstyret
Styret er øvste organ ved universitetet, og har etter lova ansvaret for at den faglege verksemda, under dette at utdanninga held høg kvalitet. Styret avgjer organiseringa av verksemda på alle nivå, men må syte for ei organisering som sikrar at studentane og dei tilsette blir høyrt. Styret skal mellom anna vedta kvalitetssystemet, godkjenne endringar i kvalitetssystemet, og sjølv foreslå endringar når dette er naudsynt. Det skal ta i mot den årlege rapporten over arbeid med kvalitet frå institusjonen, vurdere og godkjenne årlege tiltaksplanar og sette i verk tiltak på eige initiativ når dette er naudsynt. Styret skal vidare avgjere korleis arbeidet med kvalitet går inn som del av det strategiske arbeidet ved institusjonen, og avgjera organisasjon og roller med tanke på arbeid med kvalitet i tråd med gjeldande lover, forskrifter, reglement og vedtak. Universitetsstyret har elleve medlemmar, to av dei er studentrepresentantar.