en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Studentmållaget i Stavanger

Studentmållaget i Stavanger er lokallaget til Norsk Målungdom og Noregs Mållag på Universitetet i Stavanger.

Laget arbeider for at fleire skal ta i bruk nynorsk og for å gjera tilhøva lettare for nynorskstudentar. Me skipar til arrangement som t.d. grilling, studentmållagssamlingar saman dei andre studentmållaga i landet og interessante føredrag.

Studentmållaget i Stavanger blei først skipa i 2006. Etter ein periode med mindre aktivitet, blei laget skipa på nytt i 2013. Sidan me ennå er unge, vil du som medlem ha stor moglegheit til å vera med på å utforma laget.  

Å delta på tilskipingar er ein god måte å bli kjent med andre studentar på, og Studentmållaget i Stavanger ønskjer nye medlemmer hjarteleg velkommen! Dersom du ønskjer å vera med i Studentmållaget eller vil vita meir om oss, er det berre å ta kontakt eller å komma på ei av tilskipingane våre.