en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

3D-lab

Biblioteket sin 3D-lab er open for alle studentar og ansatte ved UiS.

På Universitetsbiblioteket har studentar moglegheit til å bruke ein 3D-printer av type Cube Pro Trio. Den har ein maks utskriftsstørrelse på 20 x 23 x 27 cm, og kan skrive ut i materiala ABS, PLA og Nylon. Vi bruker foreløpig ABS. I tillegg har vi ein 3D-skanner, som du kan bruke til å skanne eit objekt for so å skrive ut objektet med 3D-printeren.

Formålet med dette tilbodet er å gi eit innblikk i teknologien og programvaren, då dette er ein teknologi for framtida.

Programmet du kan bruke for å designe figurar heiter Inventor. Du kan laste ned ein gratis studentversjon til din eigen PC. Dersom du berre ønsker å prøve ut teknologien kan du også velje ein figur frå nettsida Thingiverse.

Det er gratis å benytte seg av denne tjenesten, men før du får full tilgang er det påkrevd at du deltek på ein introduksjon med ein av dei ansvarlege. Det tek vanlegvis ca. 20 minutt.

Interesserte kan kontakte John David Didriksen eller Kristian Solem.