en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bøker

Universitetsbiblioteket har ei stor samling trykte og elektroniske bøker. I Oria kan du søke i samlinga vår. Søk i fana "Alle norske fagbibliotek" for å søke i samlingane til alle universitets- og høgskolebibliotek i Noreg.



Fysiske bøker


Du finn hylleplassering og status for alle bøkene våre i Oria. Dersom boka står på hylla ber me deg om å finne den sjølv. Spør oss i skranken dersom du treng hjelp til dette. Dersom boka er reservert eller utlånt kan du sette deg på venteliste. Du kan også bestille bøker frå andre bibliotek.


Elektroniske bøker


DawsonEra
E-bøker fra DawsonEra blir lagt inn i Oria.
Klikk her for å lese om korleis du kan skrive ut, lage notat i teksten og andre nyttige funksjonar.


Ebook Central
E-bøker fra Ebook Central blir lagt inn i Oria. Ebook Central dekker alle fagområde, men legg spesiell vekt på økonomi, samfunnsfag og humaniora.  
Les meir 


SpringerLink Books
Universitetsbiblioteket har tilgang til ein del pakkar med e-bøker frå Springer, frå 2010 og utover. Du kan laste ned ei bok ved å trykke på "Download book". Du kan også laste ned enkelte kapittel.
Søketips


Bokhylla.no
I bokhylla.no finn du meir enn 250 000 norske bøker. Bokhylla.no er Nasjonalbiblioteket sitt digitaliseringsprosjekt. Formålet er å gjere norsk litteratur digitalt tilgjengeleg.


Directory of Open Access books
Her finn du nesten 12 000 gratis fagfellevurderte akademiske bøker, per mai 2018.

EThOS
I EThOS finn du meir enn 400 000 britiske doktoravhandlingar tilgjengeleg online.

Google Bøker
Her finn du både bøker som er gratis tilgjengeleg online, og utdrag frå bøker som har opphavsrett. Millionar av bøker er registrert her.

The Internet Classics Archive
Klassiske greske og romerske tekstar oversett til engelsk.

Project Gutenberg
Gratis elektroniske bøker der vernetida har gått ut.

Prosjekt Runeberg
Eldre nordisk skjønnlitteratur som er gratis tilgjengeleg online. Her finn du mange klassikarar.


Utenlandske bibliotekkataloger