en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ullandhaug

Biblioteket på Ullandhaug ligg i Kjølv Egelands hus, og er det største av avdelingsbiblioteka. Her er det mange og varierte leseplassar, og du er velkommen til å studere her heile døgnet.

  • Bilde av tre studenter
  • Bilde av mor og datter som leser i biblioteket
  • Bilde av tre studenter i en blå sofa
  • Bilde frå Kongsgårdsalongen
    Kongsgårdsalongen er ein hyggeleg stad for gode leseøkter.

Døgnope

Biblioteket er døgnope for studentar og tilsette. For å kome inn når resten av bygget er stengt, drar du student- eller tilsettkortet ditt i kortlesaren ved inngangen nærast biblioteket (på sørsida av bygget). Du finn kart over inngangen her.


Leseplassar og fasilitetar

På Ullandhaug finn du alle typar leseplassar, frå stillesone og stillelesesal i underetasjen, til gruppebord, små bord, stå-bord og sofaer i første etasje.

Me har teppe og bokhaldarar til utlån. I skranken kan du låne iPad og diverse ladarar, samt få gratis øyreproppar. Det er automatar med kaldt og varmt vatn i begge etasjar.

Det er fleire printere i biblioteket. Desse kan du i tillegg kopiere og scanne på. Les meir her om korleis du tar utskrift.

På Ullandhaug har me også to 3D-printere som er til fri bruk for studentar.

Kongsgårdsalongen er eit eige område i biblioteket med heilt spesiell stemning. Her kan du òg ta ein pause og teste ut massasjestolen vår.


Fagleg innhald

Biblioteket sine samlingar dekker fagområda på Ullandhaug. Med samlingar meiner me faglege bøker, tidsskrift, artiklar, filmar, doktor- og mastergradoppgåver mm.

Fagområda på Ullandhaug er organiserte etter fakultet. Sjå meir på fagsidene våre.

Det blir arrangert mange nyttige kurs på UllandhaugDu finn kursoversikt her. 


Foto: Marte Pupe Støyva