en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lydopptak av bokpresentasjon med Hild Sørby

Hild Sørby presenterte si nye bok "Sandnesarkitektur" 23. september, med Jostein Rovik som kommentator. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette mogleg.

Hild Sørby presenterte si nye bok "Sandnesarkitektur" i Universitetsbiblioteket 23. september. Jostein W. Rovik, tidlegare ordførar i Sandnes, var kommentator. Han kom med sine personlege tankar og betraktningar rundt boka og temaet ho tek opp.

Sørby viste bilete frå boka, og brukte desse som utgangspunkt for foredraget sitt. Ho fortalde om kjende hus og bygningar i Sandnes, og brukte desse som eksempel på dei arkitektoniske stilartane som til ei kvar tid har vore dominerande i byen. Tittelen på foredraget var "Har Sandnes arkitektur?", og dei fleste som var til stadessa seg einige i at Sørby kom med ein overbevisande argumentasjon for at denne byen faktisk har det.

Jostein W. Rovik har fleire år som ordførar i Sandnes bak seg, så det var kanskje ikkje overraskande at også han sa seg einig i at byen hans i høgaste grad har arkitektur. Han uttrykte stor begeistring for boka, og det var tydeleg at ho hadde fått fram mange tankar og minne hjå han. Han kåserte litt om sine inntrykk av arkitekturen i Sandnes gjennom hans levetid, før han kom med nokre tankar om kva han meinte kunne vera ein god veg vidare for å sikre god byplanleggjing. Han kom og med nokre stikk mot tendensar før og no som provoserer han, og som han meiner gir Sandnesarkitekturen det litt dårlege ryktet byen har fått.

iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut, og klikk på "View in iTunes". Du kjem då inn i iTunes. Klikk så på nummeret til den presentasjonen du vil høyre på.